About this Event

Helgekurs i milonga og vals - med noko attåt Denne helga byr på to inspirerande kurs med fokus på både tryggleik i det grunnleggjande og rein danseglede – anten du ønskjer å styrkje fundamentet ditt eller fylle på med nye idear og kombinasjonar. Milonga med Bastian & Susanne Bastian og Susanne tek dykk med inn i milongaen si særeigne energi og leikenheit. Kurset har tydeleg fokus på det grunnleggjande: forståing av musikken, rytmen og enkle, funksjonelle steg som fungerer godt på dansegolvet. Samstundes blir undervisninga krydra med éi eller to litt meir elegante og avanserte variasjonar – nok til å gi inspirasjon og nye nyansar, utan at det går på kostnad av flyt og musikalitet. Målet er at deltakarane skal kjenne seg trygge, frie og leikne i milongaen. Vals med Frantz & Mikaela I valskurset med Frantz og Mikaela ligg fokuset mindre på det heilt grunnleggjande, og meir på korleis ein kan nytte valsen sin sirkulære flyt i konkrete stegkombinasjonar. Dei arbeider med eit par gjennomtenkte kombinasjonar som kan brukast direkte i dansen, og som gir både struktur og rørsleglede. Kurset passar godt for deg som alt er komfortabel med dei grunnleggjande prinsippa i vals, og som ønskjer nye idear til variasjon, dynamikk og musikalitet. Begge kursa legg vekt på god kommunikasjon i paret, musikalitet og overføringsverdi til sosial dans – med rom for både læring, utforsking og danseglede. Fredag 30.01.2026: Sølvane Matbar frå kl. 20 "ete & danse". Meld frå om du ønskjer å delta på "ete & danse" eller berre "danse. Laurdag 31.01.2026 - STIL stova: Vals del 1 kl. 13.30-15 og Milonga del 1 kl. 15.30-17 Laurdag kveld: Smaking på Gardsbrenneriet med eller utan alkohol 500 kr og kveldsmilonga. Meld frå om du ønskjer å delta på "smake & danse" eller berre "danse". Vi kjem tilbake med meir informasjon. Søndag 01.02.2026 - STIL-stova: Vals del 2 kl. 11-12.30 og Milonga del 2 kl. 13-14.30 Påmelding innan 18.01.2026. Pris: 200 kr pr delkurs - samla 800 kr. For medlemmar av Gloppen Tango er samla pris 700 kr. Medlemskap i Gloppen Tango 200 kr pr år Påmelding: [email protected] ev. sms Gro tlf. 99284348. Betaling på Vipps #507560 ev. konto etter avtale. Med atterhald om endringar. For å delta på desse kursa er det ein fordel om du har dansa argentinsk tango ei stund. Vi planlegg nytt grunnkurs i argentinsk tango laurdag 7. februar 2026.

Dance Styles

Tango (100%)

Pricing

Membership fee:NOK 200.00
Per workshop part:NOK 200.00
Saturday evening social with alcohol:NOK 500.00
Member total package:NOK 700.00
Total package:NOK 800.00

Organizer

G

Gloppen Tango