About this Event
KURS I ARGENTINSK TANGO FOR NYBYRJAR 3. - 5. NOV. 23
Fredag 3. nov. kl. 18.30-20.30 (I)
Laurdag 4. nov. kl. 14-17 (II)
Søndag 5. nov. kl. 14-17 (III)
Instruktørar: Janne Almenning & Jørn Aaberg
Pris: 750 kr pr. pers inkl. medlemskap 2023
Betaling med Vipps#507560
Påmelding innan 1. november 2023
Sted: STIL-stova /Arr: Gloppen Tango
Kontakt oss på [email protected]
Argentinsk tango er ein nydelig aktivitet å halde på med, både i forhold til dansen, musikken, og det sosiale rundt. For mange blir det ein svært kjekk og ofte avhengighetsskapande aktivitet.
Noko av bakgrunnen for at so mange trivst so godt i tangomiljøet, er at du gløymer alt stress, mas og bekymringer. På samme måte som om du hoppar i fallskjerm, klatrar i eit fjell, eller går på tur i den flotte naturen vår, so hentar tangoen deg inn i tilstedeværelse, ro, og gir deg ei energiinnsprøyting i ein ellers hektisk kvardag.
Ein kan melde seg på som par, eller ein kan melde seg på åleine. Eit lite forbehold: Vi forsøker å få det til slik at det er like mange kvinner og menn på kurset, slik at alle har ein dansepartner.
Vi har også eit begrensa antall deltakarar på kurset, slik at vi kan gi alle ei god oppfølging.
Vesle Gloppen Tango har gjort seg bemerka i Norge gjennom å ha oppfostra fleire gode tangodansarar, men kanskje det viktigaste er det positive og inkluderande miljøet vi har. Gloppen Tango arrangerte nettopp ein tangofestival i Vonheim med over 80 deltakarar både frå Norge og utland.
Tilbakemeldingane var heilt strålande, og aller best scora vi på spørsmålet om korleis vi frå Gloppen Tango tok vare på alle dei tilreisande. Der scora vi i snitt 5.0, på ein skala frå 1 (Disappointed) til 5 (Fantastic!). Om du vil gå på kurs med oss skal vi ta godt i mot deg også 😊
Dance Styles
Tango (100%)
Organizer
G
