About this Event
Gloppen Tango arrangerer swingkurs søndag 9. februar kl. 17-20. Kurset passer både for nybyrjarar og litt øvde. Det er ein fordel med påmelding i par, men meld deg gjerne på uansett. Vi prøver å finne dansepartnar til deg!
Vi er så heldige at vi har fått med Ingvild Sandve og Kjell Jørgen Slettvoll som instruktørar!
Stad: Skinlotun i Sagevegen 5, Sandane
Påmelding: [email protected] ev. sms til Gro på tlf. 99 28 43 48
Pris: 300 kr (medlemmar 200 kr)
Innbetaling: Vipps Gloppen Tango #507560#
Medlemskap hos Gloppen Tango er 200 kr pr år
Kjenner du deg igjen i følgjande situasjon?
Bandet eller DJ'en sveivar i gong med ein skikkeleg rockelåt og du kjenner at det rykkjer i dansefoten. Ein dansefot du skulle ønskje fungerte. Men du føler at om du vågar deg utpå dansegolvet, så vil du framstå som ein plattfot gakk-gakk med brokk og trebein 😂
Vel, den tida er forbi!
Du må berre melde deg på swingkurs med Gloppen Tango!
Brokk og trebein kan vi nok ikkje gjere så mykje med, men vi skal få skikk på dansefoten din! Då kan du gå Fjordblues, julebord og framtidige festar og dansetilstellingar (Gloppen Tango har nå swing låter som kvar fjerde song på spillelista😊) i møte med ekstra glede og forventningar!
Vi vurderer oppfølgingskurs, dersom deltakarane ønskjer dette.
Dance Styles
West Coast Swing (100%)
Pricing
Members:NOK 200.00
General:NOK 300.00
Organizer
G
