About this Event

Tangokurs med fokus på teknikk – med Jørn Aaberg Grunnteknikk som kjelde til kvalitet, robustheit og tryggleik i dansen. Gjennom fire workshopar går vi i djupna på grunnteknikken i tango. Vi utforskar korleis ein avslappa og mjuk overkropp, aktiv kjerne og god kontakt med golvet gir dansen ro, robustheit, presisjon og samspel – det som skaper den gode danseopplevinga for både førar og følgjar. Workshop 1: Kraft frå golvet, kjernemuskulatur, spenningar og kraftbruk Kva betyr det å hente kraft frå golvet når vi dansar? Kva rolle spelar kjernemuskulaturen, og korleis finn vi rett nivå på spenning og kraftbruk i armar og overkropp? Vi jobbar med enkle steg og øvingar der vi styrkjer golvkontakten og kjernen utan å spenne opp overkroppen. Målet er betre balanse, meir behageleg abrazo og å rydde bort vanlege uvaner hos tangodansarar. Workshop 2: Dissosiasjon og pivot – uanstrengd presisjon Vi byggjer vidare på workshop 1 og rettar søkelyset mot dissosiasjon og pivot. Du lærer å gi og ta imot tydelege føringsimpulsar gjennom golv og kjerne – utan harde rørsler eller overdreven kraft i overkropp og armar. Vi øvar på å returnere til ein nøytral, balansert og trygg posisjon etter kvart steg, og byggjer ein stegkombinasjon som inkluderer alt vi har jobba med. Workshop 3: Abrazo, bryst, skuldrer, armar, hovud og haldning No flyttar vi fokuset opp til overkroppen og tangoens hjarte – abrazoen. Vi dykkar inn i korleis du skapar ein trygg, intim og levande omfamning som formidlar energi og kjensler mellom partnarane. Vi utforskar både open og lukka abrazo, subtile signal, haldning og korleis energien frå golvet og kjernen strøymer gjennom bryst, skuldrer, armar og hovud. Gjennom enkle stegkombinasjonar øvar vi på å uttrykkje ulike stemningar – frå lett og muntert til dramatisk og intenst. Workshop 4: Musikalitet – integrering av teknikk, pust, kontakt og steg I den fjerde workshopen set vi alt saman. Vi jobbar med korleis pust, overkropp, golvkontakt og steg blir brukt i kombinasjon når du fører og følgjer – på ein tydelegare, rolegare og meir musikalsk måte. Vi repeterer element frå dei tre første workshopane og bruker enkle stegkombinasjonar til musikk slik at teknikken blir levande og naturleg. Resultat etter helga: Du får ikkje berre betre teknikk – du får ei djupare kroppsleg forståing av kva som eigentleg skapar kvalitet, ro og glede i tango. Verktøy du kan ta med deg inn i all framtidig dans og øving. Passar for dansarar på alle nivå som ønskjer sterkare connection, meir robustheit og den ekte «godfølelsen» i tango. Begrensa plassar – meld deg på no! Tidspunkt: ws 1) fredag 24/4 kl. 18-19.30 ws 2) og 3) laurdag 25/4 kl. 15-16.30 og 17-18.30 ws 4) søndag 26/4 kl. 10.30-12 Sølvane Matbar fredag 24/4 kl. 20 «ete & danse» Pris: 800 kr / 600 kr for medlemmar. Medlemskap i Gloppen Tango: 200 kr. Betaling via vipps til nr. 507560 ev. konto etter avtale. Påmelding innan 20/4 til: [email protected] ev. sms til Gro tlf. 99 28 43 48 Øvingane er i STIL-stova, Firdavegen 17, Sandane. Inngang frå baksida. Rehabilitering av idrettsplassen har nok starta, og det kan difor vere vanskeleg å parkere utafor STIL-stova. Merk at Sunnfjord Tango har milonga i Førde laurdag 25/4 frå kl. 20.

Dance Styles

Tango (100%)

Pricing

Membership:NOK 200.00
Members:NOK 600.00
Regular:NOK 800.00

Organizer

G

Gloppen Tango